Prost Øyvind Oksavik. Foto: Krister Sandaker Tårn

–⁠ Mi påske, - i fortid og framtid!

Kronstadposten har invitert flere kjente profiler/ledere i Alta-samfunnet til å delta denne i nettserien. Hver dag i løpet av påsken vil vi publisere artikler/innlegg som kaster lys over påskehøytiden. I dette innlegget: Prost Øyvind Oksavik.


Frå eg var konfirmert var påska for meg, i mange år, synonymt med leir. Påskeleirane i regi av Norges kristelige ungdomsforbund samla årleg, frå slutten av 1960-talet og gjennom ein 20-års periode, opp til fem hundre sunnmørs-ungdomar om påskeevangeliet.

Ryggraden i desse leirane var eit ti-tals teologistudentar som hadde førebudd bibelopplegg, og etter kvart vart eg sjølv med å sette dette ut i livet.

Sjølv kom eg tidleg med, og eg var så heldig å ha ein eldre bror som var leiar i den kristne ungdomsklubben i vår heimbygd, og ein pådrivar til å få ungdommar til å reise på påskeleir.

Vi som kom frå spreidde bygdelag opplevde det trusstyrkande å møte ungdomar frå andre stader, og leirlivet innbaud til ulike aktivitetar. Skileik og uteliv, i god kombinasjon med uhøgtidlege kulturkveldar, iblanda forelskelsar og svermeri, gjorde sitt til at desse leirane var svært populære.

Eg kan enno hugse korleis det var å kome heim frå leir, oppglødd og solbrun, og avgi rapport til mor og far heime i Oksavika.

I år gler eg meg til å kome «heim» til Sunnmøre nokre veker etter påske, og få vere med og kaste glans over far sin 100-års dag. Han har framleis mottaksapparatet i behold, så kan eg fortelje han om korleis påska vart for min del i år: ,

Palmesøndag var eg ansvarleg for den årlege friluftsgudstenesta ved Reinbukkelvhytta. Om ver og føre er bra, vert det å legge i veg frå Øvre Stilla i ti-tida, og forhåpentlegvis gå runden via Sombybrua og ned Stilladalen etter gudstenesta. For 35 år sidag var eg sjølv ansvarleg for Reinbukkelvhytta, som styremedlem i AOT, det er godt å sjå at hytta vert halden godt vedlike, og er mykje besøkt på seinvinteren.

Skjærtorsdag formiddag er det gudsteneste i Elvebakken kirke med 1920-liturgi, eg og kantor Irina Girunyan er spent på oppslutninga om denne gudstenesta, etter som Elvebakken læstadianske menighet inviterer til eiga nattverdgudsteneste på bedehuset seinare same dag.

Men nattverdmåltidet skjærtorsdag vil alltid vere eit av dei mest sentrale møtepunkt i den kristne kirke, uansett kvar eller korleis det vert feira. Eg håper at alle kristne prioriterer å finne vegen til nattverdmåltidet denne dagen.

1. påskedag skal eg vere prest i Loppa ved to høgtidsgudstenester, i Nuvsvåg og Øksfjord. Vi gler oss over at det er tilsett ny sokneprest i Loppa sokn, men Ånund Hardang nyttar påska til å takke farvel med sine med sine soknebarn i Drammensområdet, før han og kona kjem flyttande til Øksfjord i midten av april. Då er det ei sann glede for meg å kome til desse bygdene påskedag, og formidle bodskapen om den oppstandne Frelsar, Jesus Kristus!

Eg vil nytte høvet til å ynskje alle lesarar av Kronstadposten ei velsigna påskehøgtid.

Øyvind Oksavik
Prost

Debatt

Les mer om:

Påskeprat